LUTHERS SPRÅGREVOLUSJON: FRÅ LATIN TIL MORSMÅLET
Av Leiv Storesletten
Skal vi formidla ein bodskap, må vi ha eit språk, både i tale og skrift. Slik også i kristen samanheng. Det gamle testamente (GT) er skrive på hebraisk, som var morsmål i gamle Israel då desse skriftene vart nedskrivne. Skriftene i Det nye testamente (NT) er skrivne på gresk, det viktigaste kulturspråket på Jesu tid.
Jesus og læresveinane tala arameisk, eit språk i nær slekt med hebraisk. Dette var morsmålet i Israel på Jesu tid. Men skriftlærde kunne lesa og forstå hebraisk. Det kunne også Jesus; det står skrive at han i synagogen las eit skriftord frå Jesaja og tolka det han hadde lese. Sannsynlegvis kunne også læresveinane ein del hebraisk.
Arameisk er et nærmest utdødd språk som tilhører de semittiske språk, og er dermed beslektet med hebraisk og arabisk. Språket utviklet seg fra gammelarameisk.
Tenkte så apostlane slik: La oss forkynna evangeliet på arameisk til alle folkeslag. Det er jo Jesu eige språk !
Nei og atter nei! Dei forkynte evangeliet på det morsmål som vedkomande folkeslag hadde! På gresk i Hellas, på latin i Rom, på koptisk i Egypt, osv. Apostelen Paulus var ein lærd mann, han tala arameisk og beherska perfekt hebraisk, gresk og sikkert også latin. Han var jo romersk statsborgar. Men dei andre apostlane måtte nok nytta tolk når dei forkynte for andre folkeslag. Vi veit t.d. at apostelen Peter bruka Markus som tolk.
På denne bakgrunn er det litt overraskande at Den katolske kyrkja gjekk over til å nytta latin som kyrkjespråk i alle europeiske land – ja, seinare i alle verdsens land der kristendomen slo rot. Den latinske omsetjinga av Bibelen frå 300-talet, kalla Vulgata, vart einerådande i Den katolske kyrkja, og liturgien i gudstenesta var på latin i alle land. I nær sagt alle land førte dette til:
Bibelen vart utilgjengeleg for vanlege folk,
- Store deler av gudstenesta føregjekk på eit språk folk ikkje forstod. Det galdt skriftlesing, bøner, trusvedkjenning, osv. , mens det var ei kort preike på morsmålet.
Den katolske kyrkja nytta faktisk latinen som sitt fremste liturgiske språk like til det 2.Vatikan konsil i 1960-åra.
Det var ein absurd situasjon – at store deler av gudsteneste og bibellesing skjedde på eit språk folket ikkje forstod. Dette kom det reaksjon på, hundre år før Luther. Teologen og reformatoren Jan Hus (1369-1415), som levde i Tsjekkia, ivra for at prestane skulle koma frå same nasjon som folket, og at dei skulle preika og lesa i Bibelen på folkespråket. Han arbeidde også med revisjonar av ei tsjekkisk bibelomsetjing. Vi veit korleis det gjekk, Jan Hus vart dømt som kjettar, bannlyst og brent på bål 1415.
Hundre år seinare kom Luther på banen. I 1517 formulerte han sine 95 tesar, der han tok eit oppgjer med den katolske kyrkja, m.a. når det gjeld avlatshandelen. Hans store slagord og motto var:
Skrifta åleine – trua åleine – nåden åleine
Då måtte folket – lærd som ulærd – få lesa kva som stod i skrifta, dvs. Bibelen. Og det måtte dei få lesa på eit språk dei forstod – nemleg morsmålet.
I året 1521 innkalla den tysk-romerske keisaren, Karl V, til Riksdag i Worms. Her skulle Martin Luther stå til rette overfor den katolske kyrkja. Mens Luther ville argumentera teologisk for sine synspunkt, var den katolske kyrkja berre oppteken av at Luther skulle trekkja tilbake sin skarpe kritikk av sider ved katolsk lære og praksis. Men Luther stod fast på alle sine lærepunkt .
Det enda med at Luther vart erklært som kjettar og lyst fredlaus. På heimvegen frå Worms vart han kidnappa av sine eigne vener og ført i løynd til borga Wartburg. Det var her Luther sette i gang med sitt store prosjekt med omsetting av Bibelen til morsmålet tysk.
Hans geniale meisterverk var å omsetja NT frå grunnspråket gresk til moderne tysk på elleve veker. NT vart omsett til eit folkeleg språk som også ulærde kunne forstå. Det blir fortalt at han gjekk ut på torget og lytta til korleis vanlege folk ordla seg. Vidare blir det hevda at det var her på Wartburg moderne tysk skriftspråk vart født! På grunn av trykkekunsten, var det mogeleg å spreia Luthers NT i store opplag. Det er eit faktum at NT var opptrykt og spreidd i heile 200 tusen eksemplar – Det var eit enormt høgt opplagstal i den tid!
Luther og hans medarbeidarar omsette GT frå grunnspråket hebraisk, og heile Bibelen kom i 1534. Det skjedde omsetjing til morsmål i mange europeiske land,
NT kom på dansk allereie i 1524, heile Bibelen kom i 1550, mens NT kom i svensk omsetjing i 1526, og heile Bibelen i 1541.
Dette vart eit storstila demokrati-prosjekt:
Her kunne vanlege folk, høg som låg i samfunnet, utan presteutdanning, lesa og tolka Bibelen på eiga hand. Kyrkja med sine lærde miste dermed noko av sin maktposisjon. Luther hevda det allmenne prestedømme: Kvar kristen er ein prest og kan møta Gud andlet til andlet. I Peter 1. brev seier Peter til alle kristne: Ver eit heilagt presteskap ! Dette galdt alle, kvinner og menn, fattig og rik, lærd og ulærd! Kva gjorde ikkje dette for sjølvkjensla ?
Det må leggjast til at Luther produserte ei mengde teologiske avhandlingar, traktatar og oppbyggingslitteratur. Ingen forfattar før 1600 hadde større litterær produksjon enn han. Og alt vart spreidd i store opplag og lese på tysk og i omsett versjon. Dette var mellom anna mogeleg pga. trykkekunsten som var oppfunnen nokre år tidlegare av Johan Gutenberg.
Kva konsekvensar fekk det at Bibelen og annan kristen litteratur kom på morsmål i ei rekke protestantske land? Det fekk STORE KONSEKVENSAR langt utover kyrkje- og trusliv.
Det vart ein veldig oppsving i lesekunsten. Folk ville gjerne lesa Bibelen og annan oppbyggingslitteratur på eiga hand. Dermed vart lesekunsten mykje meir utbreidd i protestantiske land enn i katolske, der berre presteskapet stod for lesing og tolking av skrifta. Lesekunsten var viktig for tileigning av kunnskap i det heile.
Såleis fekk protestantiske land eit forsprang på katolske, og dette forspranget har protestantiske land hatt like fram til i dag, seier historikarar.
Konklusjon:
Reformasjonen fekk store konsekvensar for kultur og språkbruk i protestantiske land
- Det vart overgang frå latin til morsmål i kyrkje og trusliv
- Bibelen vart omsett til folkeleg morsmål i protestantiske land
- Moderne tysk skriftspråk fekk sin fødsel i samband med Luthers bibelomsetjing
- Lesekunsten vart sterkt utbreidd i protestantiske land
- Salmedikting på morsmålet fekk ei sterk oppblomstring
- Lesekunsten er viktig på alle samfunnsområde,
Overgangen til morsmål vart eit storstila demokrati –prosjekt!
Merknad:
Dette var eit miniforedrag/ innlegg halde for 600 skuleelevar (3VGS) i Kristiansand Domkirke den 18.oktober 2017 i samband med eit reformasjonsjubileum. Innlegget var ein del av ein halv annan times variert program.
Leiv Storesletten.